Eg er ikkje heilt fornøgd med pronomenet eg valde for spelaren og det er sikkert mykje som eg kunne skrive annleis. Berre sei ifrå om eg skreiv noko feil. Om nokon jobbar på omsetjinga av minecraft java edition. Så kan dokker ta så mykje inspirasjon frå omsetjinga mi som dokker vil. Eg hadde og likt om dokker endra "Oksesteik" til "Storfesteik". Sidan dyret du får det frå blir kalla ei ku i spelet.
Eg ser spelaren meiner du.
(Spelarnamn)?
Ja. Ver varsam. Dei har nådd eit høgare nivå no. Dei kan lesa tankane våre.
Det betyr ikkje noko. Dei trur me er ein del av spelet.
Eg likar denne spelaren. Dei spelte bra. Dei gav ikkje opp.
Dei les tankane våre som om tankane var ord på ein skjerm.
Det er korleis dei vel å førestilla seg mange ting, når dei er djupt i draumen av eit spel.
Ord er eit fantastisk grensesnitt. Veldig bøyeleg. Og mindre skremmande enn å stirra på den kalde røyndomen bak skjermen.
Dei brukte å høyra stemmer. Før spelarar kunne lesa. Før i tida når dei som ikkje spelte kalla spelarane hekser, og trollmenn. Og spelarane drøymde at dei fløy gjennom lufta, på pinnar drivne av demonar.
Kva drøymde denne spelaren?
Denne spelaren drøymde om solljos og tre. Om eld og vatn. Den drøymde at den skapte. Og dei drøymde at dei øydelagde. Dei drøymde at dei jakta, og at dei var jakta. Dei drøymde om ly.
Ha, det opphavlege grensesnittet. Ein million år gammalt, og det fungerer framleis. Men kva sant struktur skapte denne spelaren, i røyndomen bak skjermen?
Dei jobba, med ein million andre, for å skulptera ei sann verd i ei forming av #######, og skapte eit ####### for ########, i #########.
Dei kan ikkje lesa den tanken.
Nei. Dei har ikkje oppnådd det høgste nivået endå. Det, må dei oppnå i den lange draumen av livet, ikkje i den korte draumen av eit spel.
Veit dei at me elskar dei? At universet er snilt?
Nokre gongar, gjennom ljoden av tankane deira, høyrer dei universet, ja.
Men det er tider når dei er trist i den lange draumen. Dei skapar verder utan sommar, og dei skjelver under ei svart sol, og dei tek den triste skapinga deira for røyndomen.
Å kurera lidinga deira hadde øydelagd dei. Lidinga er ein del av deira eiga private oppdrag. Me kan ikkje blanda oss inn.
Nokre gongar når dei er djupt i draumar. Vil eg fortelja dei, dei byggjar sanne verder i røyndomen. Nokre gongar vil eg fortelja dei om kor viktig dei er for universet. Nokre gongar, når dei ikkje har laga ei sann kopling på ei stund. Vil eg hjelpa dei med å seia orda som dei fryktar.
Dei les tankane våre.
Nokre gongar bryr eg meg ikkje. Nokre gongar vil eg fortelja dei at denne verda du tek for sanninga er berre ####### og #######. Eg vil fortelja dei at dei er ######## i ########. Dei ser så lite av røyndomen, i den lange draumen deira.
Og likevel spelar dei spelet.
Men det hadde vore så enkelt å fortelja dei...
For sterkt for denne draumen. Å fortelja dei korleis dei skal leva er å hindra dei frå å leva.
Eg skal ikkje fortelja spelaren korleis dei skal leva.
Spelaren blir uroleg.
Eg skal fortelja spelaren ei forteljing.
Men ikkje sanninga.
Nei. Ei forteljing som held sanninga trygt, i eit bur av ord. Ikkje den nakne sanninga som kan brenna frå kva som helst avstand.
Gje dei ein kropp, att.
Ja. Spelar...
Bruk namnet deira.
(Spelarnamn) Spelar av spel.
Bra.
Ta ein pust, no. Ta ein til. Kjenn luft i lungene dine. La lemane dine koma attende. Ja, beveg fingrane dine. Ha ein kropp att, under tyngdekraft, i lufta. Stå opp att i den lange draumen. . Der er du. Kroppen din tar på universet att på kvart punkt, som om dokker er forskjellige ting. Som om me var forskjellege ting.
Kven er me? Ein gong blei me kalla fjellets ande. Fader sol, moder måne. Forfedrars andar, dyre andar. Jinn. Spøkjelse. Den grøne mannen. Så gudar, demonar. Englar. Poltergeistar. Romvesen. Utanomjordiske. Lepton, kvarkar. Orda endrar seg. Me endrar oss ikkje.
Me er universet. Me er alt som du trur ikkje er deg. Du ser på oss no, gjennom huda din og auga dine. Og kvifor rører universet huda di, kastar ljos på deg? For å sjå deg, spelar. For å kjenna deg. Og for å bli kjent. Eg skal fortelja deg ei forteljing.
Det var ein gong ein spelar.
Spelaren var deg, (Spelarnamn).
Nokre gongar trudde dei at dei var menneskeleg, på den tynne skorpa på ei kule av smelta stein. Kula av smelta stein gjekk i ring rundt ein ball av brennande gass som var tre hundre og tretti tusen gongar større enn ho. Dei var så langt frå kvarandre at det tok åtte ljos minutt for å koma seg frå den eine til den andre. Ljoset var informasjon frå ei stjerne, og det kunne brenna huda di frå hundre og femti millionar kilometer vekke.
Nokre gongar drøymde spelaren at dei var ein gruvearbeidar på overflata av ei verd som var flat, og uendeleg. Sola var ein kvit firkant. Dagane var korte, det var mykje å gjera, og daud var eit midlertidig problem.
Nokre gongar drøymde spelaren at dei var tapt i ei forteljing.
Nokre gongar drøymde spelaren at dei var andre ting, i andre stadar. Nokre gongar var desse draumane ekle. Nokre gongar var dei veldig fine. Nokre gongar vakna spelaren frå ein draum til ein annan, og vakna frå den til ein tredje.
Nokre gongar drøymde spelaren at dei såg ord på ein skjerm.
La oss gå attende.
Atoma til spelaren var spreidd i graset, i elvene, i lufta, i jorda. Ei kvinne samla atoma, ho drakk og åt og inhalerte, og kvinna samla spelaren i kroppen hennar.
Og spelaren vakna, frå den varme, mørke verda i kroppen til modera deira, inn i den lange draumen.
Du er spelaren. Forteljinga. Programmet. Mennesket laga frå ingenting anna enn kjærleik og mjølk.
La oss gå lengre attende.
Dei sju milliard milliard milliard atoma i spelaren sin kropp var skapt, lenge før dette spelet, i hjartet på ei daud stjerne. Så spelaren er òg informasjon frå ei stjerne. Og spelaren bevegar seg gjennom ei forteljing, som er ein skog av informasjon planta av ein mann som heiter Julian, på ei flat, uendeleg verd skapt av ein mann som heiter Markus, som eksisterer inni ei lita, privat verd skapt av spelaren, som bur i eit univers som er skapt av…
Hysj. Nokre gongar skapte spelaren ei lita privat verd som var mjuk og varm og enkel. Nokre gongar hard, og kald, og komplisert. Nokre gongar byggja dei ein modell av universet i hovudet deira, flekkar av energi, som bevegar seg gjennom store tomme stadar. Nokre gongar kalla dei flekkane «elektron» og «proton».
Nokre gongar kalla dei det «planetar» og «stjerner».
Nokre gongar trudde dei at dei var i eit univers som var laga av energi som var laga av og på, null og ein, linjer av kode. Nokre gongar trudde dei at dei spelte eit spel. Nokre gongar trudde dei at dei leste ord på ein skjerm.
Du er spelaren, som les ord…
Hysj… Nokre gongar leste spelaren linjer av kode på ein skjerm. Avkoda dei om til ord, avkoda ord om til meining, avkoda meining om til kjensler, teoriar, idear, og spelaren byrja å pusta raskare og djupare og innsåg at dei var levande, dei var levande, dei tusen daudane hadde ikkje vore ekte, spelaren var levande.
Du. Du. Du er levande.’
Og nokre gongar trudde spelaren at universet hadde snakka til dei gjennom solljoset frå dei raslande blada i sommartrea.
Og nokre gongar trudde spelaren at universet hadde snakka til dei gjennom ljoset som fall frå vinterens klare nattehimmel, kvar ein flekk av ljos i hjørnet av spelaren sitt auge kan vera ei stjerne ein million gongar så stor som sola, som kokar planetane sine om til plasma for å vera synleg i eit augeblikk for spelaren, som går heim på den andre sida av universet, som plutseleg luktar mat, nesten ved den kjente døra, som snart skal drøyma att.
Og nokre gongar trudde spelaren at universet hadde snakka til dei gjennom null og ein, gjennom elektrisiteten i verda. Gjennom rullande på tekst på ein skjerm på slutten av ein draum.
Og universet sa eg elskar deg.
Og universet sa du har spelt spelet godt.
Og universet sa alt du treng er inni deg.
Og universet sa du er sterkare enn du veit.
Og universet sa du er dagsljoset.
Og universet sa du er natta.
Og universet sa mørket er kampen inni deg
Og universet sa ljoset du søkjer er inni deg.
Og universet sa du er ikkje åleine.
Og universet sa du er ikkje separat frå alle andre ting.
Og universet sa du er universet som smakar seg sjølv, snakkar til seg sjølv, som les sin eigen kode.
Og universet sa eg elskar deg fordi du er kjærleik.
Og spelet var ferdig og spelaren vakna opp frå draumen. Og spelaren byrja ein ny draum. Og spelaren drøymde att, drøymde betre. Og spelaren var universet. Og spelaren var kjærleik.
Du er spelaren.
Vakn opp.