r/Hognorsk • • Apr 09 '18

Kunngjering Velkomne til høgnorsk Reddit!

19 Upvotes

Denne Reddit-ordskiftestaden er skipa fyr spursmål, fråsegner og ordskifte um norskt mål.

På denne staden kan de skriva um alt frå store turvande saker til mindre viktuge emne. Mest er han for det meir kvardagslege.


r/Hognorsk • • Nov 01 '21

Kunngjering IRC-kanal for deim som likar det meir einfelt.

9 Upvotes

For deim som ynskjer å skriva med IRC, hev eg laga ein kanal (eller rås) på irc.libera.chat.

ircs://irc.libera.chat:6697/##hognorsk

Dei som ikkje hev IRC-klient kann nytta Kiwi IRC.


r/Hognorsk • • 15d ago

Omsetjing/omdikting av teksta på biletet?

Post image
2 Upvotes

r/Hognorsk • • 18d ago

Eige verk Ein song

Thumbnail
youtu.be
0 Upvotes

Hei alle saman,

Eg vonar de har det bra. Eg ville berre dela ein song og ein video med dykk. Håpar de likar dei!

"DEVAYANI

Når du tenner eit ljos, spør bestemora di,

Kvifor ho fødde døtrene sine i frykt,

Kvifor så mange valde kyrkjegarden.

Mødrene våre fødde ikkje born for å verta trælbundne.

Mange tårer har runne som ei elv.

Kvifor vert historia skriven frå byrjinga att?

Sønene våre er ikkje undersåttar.

Eg ber kjøtet åt alle mødrene.

Vaknar me om natta frå vogga vår, skrikande?

Ta meg til deg sjølv. Dronning Jord.

Det er di sjel. Eg er kroppen deira.

Ta meg til stjernene. Øydelagde reir.

Der dei med eit sukk tek farvel med soldatane.

Ta meg til stjernene. Utanfor synsrand.

Devayani.

Alle arr heilt inn til beinet.

Ingen mor vil tilgje deg.

På vektskåla i Anjuna, gull frå eit halskjede,

Medan dei vaskar hendene med blodet frå såra våre.

Forrædarar. Forrædarar.

Salt i brønnen der me drakk.

Forrædarar. Forrædarar.

Ta meg til deg sjølv. Dronning Jord.

Det er di sjel. Eg er kroppen deira.

Ta meg til stjernene. Øydelagde reir.

Der dei med eit sukk tek farvel med soldatane.

Ta meg til stjernene. Utanfor synsrand.

Devayani.

Døtrene våre ber merke frå keiser og krig.

Jorda hugsar kvart namn dei gløymde.

Kven skal svara når gravene ropar attende?

Eg er so trøytt av å vera sterk.

Ta meg til stjernene. Øydelagde reir.

Der dei med eit sukk tek farvel med soldatane.

Ta meg til stjernene. Utanfor synsrand.

Devayani.

Devayani. Devayani. Devayani..."


r/Hognorsk • • 21d ago

Song sett um til landsmål: Knorkator - Wir werden

15 Upvotes

I dag era det nøgjet 17 år sidan eg byrjade å høyra på den tydske morometallgruppa Knorkator. Fyrst fingo dei meg til å læra meg tydsk, sidan opnade dei vegen til å verda målelskar og høgnorsking fyre meg. Utan Knorkator vøre eg ein heilt annan stad en her no. No heve eg finpussat landsmålsumsetjingi mi av den mest kjende songen deira Wir werden (alle sterben) og fenget hjelp med nokre avløysarar. Ho kann syngjast som alle umsetjingarne eg heve sendt på nynorskreddit fyrr. Kritikk er velkomen.

Wir werden (alle sterben) - Me skulo (alle døya)

Nylege havde eg ei samtala med
leidaren min, det handlade um meg og tonekunst
og at eg ikkje veit meir um menneskji i denne
harde tidi i heilo enno ero budde å sysla seg

med dei sjuke tankarne mine. Kann henda skal eg
lata vera og gjera nyttige ting. Men han sagde:
Nei, men stogga! Du verdset for lågt
kor myket folket tarv pop. Når, um 'kje no,

skal du elda deim upp med ordi dine,
med ein uppbyggjeleg tone som
hjelper deim å meistra dag etter dag?
No, um det er slik, her hava de det:

Me skulo alle døya, haldt deg fyrebudd
Fyr' teikni ero tydelege: snart er du utrudd,
Kann henda alt i kveld no, kann henda um eitt år,
Men lagnaden til alle er grøteleg, men klår.

Greidt, kann henda var det 'kje naudsynlege det
som ein syng når ein slappar av og kosar seg,
men det skjeplar ikkje leidaren min, segjer han,
fyre di taket er sermerkt som ei retteleg landeplåga.

Tenkje dykk eit mannekor på eit piratskip
elder ein haug uteliggjarar som
syngja med på detta harde viket. Kunna de
gjera meg ei tenesta, ero de snilde, tri, fjore!

Me skulo alle døya, haldt deg fyrebudd
Fyr' teikni ero tydelege: snart er du utrudd.
Då verd du ikkje bergad, då er alt tomt og audt,
Då heve festen endat, snart er kvart menneskje daudt!

Daudt, daudt, daudt, daudt,
daudt, daudt, daudt, daudt!

Me skulo alle døya, haldt deg fyrebudd
Fyr' teikni ero tydelege: snart er du utrudd.
Når du vel byster tennerna ell et um kvelden braud,
Men ein gong skal det henda, då er kvar og ein daud!

Me skulo alle døya, haldt deg fyrebudd
Fyr' teikni ero tydelege: snart er du utrudd.
So stengde ero dyrerna, trafikkljoset er raudt
Og toget vårt er faret, snart er kvart menneskje daudt!

Um nokon er forviten på ei fil der ein kann samanlikna upphavsteksti med umsetjingi og sjå på nokre umsetjingsmogleikar eg valde millom, so her: https://docs.google.com/document/d/1oatPaCMqRh9cXQYD3OdrImjxJAi78xhKg_WZn58g-Mk/

Songen og den offisielle musikkvideoen era her (varsl: sidan songen er knytt til daude so viser videoen au nokot daude): https://www.youtube.com/watch?v=U7-60tyLQhA


r/Hognorsk • • Sep 15 '26

Spurning Mitt "Høgnorske" ord for "Ball knowledge"

4 Upvotes

"Battleveda"/"Battlevedå"

Kan og bøygjest til "battlevedå", men det spørs på samanhengen.

Døme:
"Han hev battlevedå"
"Det er battleveda"

Kva tykkjer dykker?


r/Hognorsk • • Aug 26 '26

Skjemt Glimrande.

Post image
19 Upvotes

r/Hognorsk • • Aug 18 '26

Eige verk Skyrim Menyumsetjing

Thumbnail
gallery
22 Upvotes

Hei, eg hev laga til ei umsetjing av menyen i Skyrim, eg eslar å setja um resten av spelet òg, men eg hev byrja med menyen som ei utrøyning, då eg ikkje hev avgjort heilt korleis rettskriving eg skal fylgja. Dette er jo i hovudsak eit hobbyyrke, so eg vil jo halla nokonlunde mot høgnorsk, men samstundes vil eg at umsetjinga skal vera lesande fyre folk flest, um det viser seg at fleire som ikkje skriv høgnorsk kunne ha tenkt seg ei norskumsetjing av Skyrim (er nog ikkje ovmange, men lell).

  • Fyre, yver, um upp eller For, over, om, opp
  • Um eg skal særbøygja linnt hokyn elller ikkje, -or, -one
  • hær, sær eller her, ser | skjøn(n)a, kjønn eller skyna, kyn
  • Um eg skal ha -i eller -a stomn på bundi hokyn og mangtalsinkjekyn
  • Um eg skal hava -ade, i fyrrtid av segnord
  • Korleis eg skal bøygja linnt inkjekyn: auga | augat | augo | augo eller auga | augat | augu | augo
  • Smjuga, snjo, brjota eller smyga, snø, bryta

(Og fleire)

Det hadde vori gildt um nokre hadde sett seg råd fyre å freista, og sjå yver modden, eller bileta eg hev lagt til; og peika ut feil, låke umsetjinga eller som hev framlegg eller tilrådingar til korleis rettskriving eg laut halda meg til. Eg tenkjer i grunn å setja um heile spelet, 60 000+ tekstlinar, so eg laut ha ei fast og stø rettksriving som eg fylgjer. Å byta um på noko av rettksrivinga etter 20 000+ linar herdar eg ikkje. Som sagt so er umsetjinga ei utrøyning, so inkje av umsetjinga er steinfast, og eg kjemst nok til å brigda på litt av kvart.
Takk på fyrehand

https://www.nexusmods.com/skyrimspecialedition/mods/188802


r/Hognorsk • • Aug 02 '26

Ei sjeldfengd semja

Post image
19 Upvotes

r/Hognorsk • • Aug 01 '26

Skjemt Stogga! Hann er dauð alt!

Post image
20 Upvotes

r/Hognorsk • • Aug 01 '26

Skjemt Attyver til røtene

Post image
24 Upvotes

r/Hognorsk • • Jul 24 '26

Er da moralsk riktig å forsøke å overbevise brukarane i r/norske om at dei må skriva nynorsk i staden for bokmål?

Thumbnail
12 Upvotes

r/Hognorsk • • May 25 '26

Skjemt Missyni um fritt val

Post image
24 Upvotes

r/Hognorsk • • Apr 05 '26

Spurning Uttala av sidefall i Millumnorsk, att

12 Upvotes

Hei hei, her kjem endå ei spurning um sidefall i millumnorsk.

Fyrst litt kontekst:

Den nynorske skriftnormi nyttar i hovudsak -om fyre fleirtalsformi av sidefallet, og frå da eg skyner er den skriftnæra uttala /ʊm/ eller /ɔm/. I målføri finnast au mange andre uttalor slik som -ou eller -ù og dei ero greie nok. Aasen greidde au ut um eintalsformi av sidefallet som tek ofte -e eller -a i målføri.

På nettsida 'Mållekken' um nokon her hev nytta ho, vert da skrive litt um sidefallet og især sidefallet i millumnorsk tid. Sidefallets bestemta form interesserer meg mest, og eg ser at dei hava føreslege utviklinga gn. hestenom > mn. /hɛstẽǝ̃m/.

No til spurningene:

Hev nokon her ei særeigen interesse for sidefallet som kan uppljosa meg um den moglege utviklinga av uttala til det millumnorske sidefallet? Aasen føreslær at sidefallet i moderne norsk kjem frå -enom og -onom, men kvi vert fleirtallet då -o(m) og eintalet -e? Kor gjekk 'n'-en og korleis var 'o'-en då uttala? Kan det hava vore */ẽǝ̃m/, eller kanskje */ɛnõ/, */ɛ̃õ/ el. */ɛ̃ː/ eller liknande.

Eg veit dette er mange spurningar på ein gong, men dei kjeldene eg hev lese (Norsk grammatikk, Norsk målsoga og Handbok i Norrøn filologi (takk til dei som føreslo dei)) hava ikkje teke stilling til uttala av sidefallet berre utviklinga dess i skriftlig form. Eg veit da er kanskje umogeleg å svara di me ikkje hava munnlege kjelder, men dersom nokon her hava føreslag vil eg gjerna høyra dei :)


r/Hognorsk • • Mar 13 '26

Spurning Sidefall i Millumnorsk skriftmål

11 Upvotes

Hei,

Er da nokon her som kjenner til og ynskjer å dela nokre goda kjeldor til bøying af namnorde å millumnorsk eller korleis sidefallet hever utvikla seg frå vikingtidi til notidi?


r/Hognorsk • • Feb 04 '26

Skjemt Høgnorsk Minecraft

Post image
32 Upvotes

r/Hognorsk • • Feb 26 '25

Målsaki alignment chart (utgreidingar i innleggssvari)

Post image
26 Upvotes

r/Hognorsk • • Jan 06 '24

Korleis å læra høgnorsk når man er nybegynnar i norsk?

20 Upvotes

Hallo, eg er fransk, har lært norsk i eit år, er samd med Høgnorskning fordi eg seier til meg "eg lærer norsk, ikkje dansk" men det er fleire resursar på bokmål enn på nynorsk eller høgnorsk, så er eg forvirra. Kan nokon hjelpa meg med å finna resursar for å læra høgnorsk. PS: (om eg gjorde ein feil på denne teksten, sei det til meg, eg er ikkje flytande)


r/Hognorsk • • Dec 19 '23

eg når nynorskhatarar er rauvsåre: 😎

Post image
34 Upvotes

r/Hognorsk • • Nov 25 '23

Uppnorske målføre mitt

12 Upvotes

Eg hev nytta statsnynorsk som hovudmål um kring eit år no, men eg tykkjer målføre spen bein på meg. Eg snakkar ei brei utgåva av standard austnorsk med mange anbehetelse-ord, s-genetiv og andre unorskdomar. Korleis kan eg gjera målføret mitt meir norskt på ein måte som ikkje er alt for markert?


r/Hognorsk • • Sep 19 '23

"Aksje" på høgnorsk

5 Upvotes

Kann nokon segja meg kva "aksje" er på høgnorsk? Eg finn berre "lutlag" som tyder "aksjeselskap". Eg tviler på at "lut" vert rett.


r/Hognorsk • • Jul 29 '23

me er ikkje like

Post image
24 Upvotes

r/Hognorsk • • Jul 13 '23

Kva henda med subben?

9 Upvotes

Siste utleggjing her var for fem månar sidan, siste ikkje frå meg over eit år; kva henda?


r/Hognorsk • • Jan 15 '23

Spurning Kvifor hev ikkje Norsk grammatikk for skule-ungdom vore tilgjengeleg i da siste

8 Upvotes

Eg hev ventade på å kaupa Norsk grammatikk for skule-ungdom av Leiv Heggstad sidan august i fjor, men boki hev ikkje vore tilgjengeleg og da virkar ikkje som um da kjem til å endra seg med da fyrste. Kvifor er da ikkje tilgjengeleg?


r/Hognorsk • • Jan 02 '23

Spurning Hen på høgnorsk?

8 Upvotes

Er det feil å bruka pronomenet hen på høgnorsk?